Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 6:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ta dykk i vare så de ikkje gjer dei fromme gjerningane dykkar for auga på folk, for at dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hos Far dykkar i himmelen.

2. Når du gjev ei gåve til dei fattige, så blås ikkje i basun for deg sjølv, slik som hyklarane gjer i synagogane og på gatene for at folk skal rosa dei. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

3. Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer.

4. Gjev gåva di i løynd. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

5. Når de bed, så gjer ikkje som hyklarane. Dei elskar å stå i synagogane og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

6. Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.

7. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord.

Les hele kapitlet Matteus 6