Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 5:44-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

44. Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, {{velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,}} og be for dei som {{mishandlar dykk og}} forfølgjer dykk.

45. Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.

46. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same?

47. Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?

48. Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

Les hele kapitlet Matteus 5