Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 5:31-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Det er sagt: ‘Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmissebrev.’

32. Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.

33. De har òg høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje sverja falskt’ og: ‘Du skal gje til Herren det du har lova han med eid’.

34. Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, verken ved himmelen, for det er Guds kongsstol,

35. eller ved jorda, for det er fotskammelen hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen.

36. Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt, for du kan ikkje gjera eit einaste hårstrå kvitt eller svart.

37. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.

38. De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’

39. Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til.

40. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg.

41. Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han.

42. Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.

43. De har høyrt det er sagt: ‘Du skal elska nesten din og hata fienden din.’

44. Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, {{velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,}} og be for dei som {{mishandlar dykk og}} forfølgjer dykk.

Les hele kapitlet Matteus 5