Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 5:21-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’

22. Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: ‘Din tosk!’ skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: ‘Din gudlause narr!’ er skuldig til helvetes eld.

23. Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at bror din har noko imot deg,

24. så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din. Så kan du koma og bera fram offeret ditt!

25. Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for dommaren, og dommaren gjev deg over til vaktmannen, og du blir kasta i fengsel.

26. Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.

27. De har høyrt det er sagt: ‘Du skal ikkje bryta ekteskapet.’

28. Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne og har lyst på henne, har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjartet sitt.

29. Om høgre auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen blir kasta i helvete.

30. Og om høgre handa lokkar deg til fall, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen kjem i helvete.

31. Det er sagt: ‘Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmissebrev.’

Les hele kapitlet Matteus 5