Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 5:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.

14. De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast.

15. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.

16. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

17. Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.

18. Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.

19. Den som opphevar eit einaste av desse minste boda og lærer menneska såleis, skal reknast som den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre å gjera det, skal reknast som stor i himmelriket.

20. Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.

Les hele kapitlet Matteus 5