Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 5:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han.

2. Då tok han til orde og lærte dei:

3. «Sæle dei som er fattige i ånda,himmelriket er deira.

4. Sæle dei som sørgjer,dei skal bli trøysta.

5. Sæle dei audmjuke,dei skal arva jorda.

6. Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,dei skal bli metta.

7. Sæle dei miskunnsame,dei skal få miskunn.

8. Sæle dei reine i hjartet,dei skal sjå Gud.

9. Sæle dei som skaper fred,dei skal kallast Guds born.

10. Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,himmelriket er deira.

11. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis.

12. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

Les hele kapitlet Matteus 5