Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 4:5-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren

6. og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg.Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

7. Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

8. Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom

9. og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.»

10. Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»

11. Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.

12. Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han tilbake til Galilea.

13. Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen, i Sebulons og Naftalis land.

14. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

15. Sebulons og Naftalis land, ved vegen til havet, bortanfor Jordan, heidningars Galilea,

16. det folket som bur i mørker, har sett eit stort lys, over dei som bur i dødsskuggens land, har lyset stråla fram.

Les hele kapitlet Matteus 4