Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 4:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

15. Sebulons og Naftalis land, ved vegen til havet, bortanfor Jordan, heidningars Galilea,

16. det folket som bur i mørker, har sett eit stort lys, over dei som bur i dødsskuggens land, har lyset stråla fram.

17. Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»

18. Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar.

19. Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»

20. Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.

21. Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei,

Les hele kapitlet Matteus 4