Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 3:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han.

6. Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.

7. Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?

8. Ber då frukt som viser at de er omvende!

9. Og tru ikkje at de kan seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.

10. Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.

11. Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld.

12. Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

13. Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han.

14. Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?»

Les hele kapitlet Matteus 3