Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 27:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag.

9. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia: Dei tok dei tretti sølvstykka, det som han var verdsett til,han som Israels born lét verdsetja,

10. og gav dei for Pottemakaråkeren,slik Herren baud meg.

11. Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.

12. Men då overprestane og dei eldste kom med skuldingane sine mot han, svara han ikkje.

13. Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alle vitnemåla mot deg?»

14. Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg mykje.

15. Kvar høgtid var landshovdingen van med å gje ein fange fri, den som folket ville ha.

16. Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla {{Jesus}} Barabbas.

17. Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, {{Jesus}} Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?»

18. For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han.

Les hele kapitlet Matteus 27