Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 27:57-65 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

57. Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein.

58. Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han.

59. Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede

60. og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk.

61. Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava.

62. Neste dag, dagen etter førebuingsdagen, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus

63. og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: ‘Etter tre dagar blir eg reist opp.’

64. Gjev no påbod om å sikra grava til tredje dagen. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då blir den siste villfaringa verre enn den første.»

65. Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og sikra grava som de finn det best.»

Les hele kapitlet Matteus 27