Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 27:43-57 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

43. Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’»

44. Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten.

45. Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen.

46. Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

47. Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»

48. Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka.

49. Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»

50. Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.

51. Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast.

52. Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde.

53. Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.

54. Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av stor redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»

55. Det var òg mange kvinner der som stod langt unna og såg på. Dei hadde følgt Jesus frå Galilea for å tena han.

56. Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.

57. Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein.

Les hele kapitlet Matteus 27