Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 27:27-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken omkring han.

28. Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe,

29. fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans og gav han ein kjepp i høgre handa. Dei fall på kne for han, spotta han og sa: «Ver helsa, du konge over jødane!»

30. Så spytta dei på han og tok kjeppen og slo han i hovudet.

31. Då dei hadde hånt han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede.Så førte dei Jesus bort for å krossfesta han.

32. På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen.

33. Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden –

34. gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka.

35. Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.

36. Sidan vart dei sitjande der og halda vakt over han.

37. Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med skuldinga mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»

38. Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida.

39. Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa:

40. «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!»

41. Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa:

42. «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han!

Les hele kapitlet Matteus 27