13. Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alle vitnemåla mot deg?»
14. Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg mykje.
15. Kvar høgtid var landshovdingen van med å gje ein fange fri, den som folket ville ha.
16. Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla {{Jesus}} Barabbas.
17. Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, {{Jesus}} Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?»
18. For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han.
19. Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»
20. Men overprestane og dei eldste overtala folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen.
21. Landshovdingen tok igjen til orde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» Dei svara: «Barabbas!»
22. «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!»
23. «Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»
24. Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.»
25. Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»
26. Då gav han dei Barabbas fri, men lét Jesus piska og gav han over til krossfesting.