Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 27:11-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.

12. Men då overprestane og dei eldste kom med skuldingane sine mot han, svara han ikkje.

13. Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alle vitnemåla mot deg?»

14. Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg mykje.

15. Kvar høgtid var landshovdingen van med å gje ein fange fri, den som folket ville ha.

16. Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla {{Jesus}} Barabbas.

17. Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, {{Jesus}} Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?»

18. For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han.

19. Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»

20. Men overprestane og dei eldste overtala folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen.

21. Landshovdingen tok igjen til orde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» Dei svara: «Barabbas!»

22. «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!»

23. «Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»

24. Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.»

Les hele kapitlet Matteus 27