Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 27:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då det vart morgon, tok dei eldste i folket og alle overprestane avgjerd om å få Jesus drepen.

2. Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.

3. Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og gjekk tilbake til overprestane og dei eldste med dei tretti sølvpengane

4. og sa: «Eg har synda. Eg sveik skuldlaust blod.» Men dei svara: «Kva kjem det oss ved? Det blir di sak.»

5. Då kasta han pengane inn i tempelet og forlét staden. Og han gjekk bort og hengde seg.

6. Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.»

Les hele kapitlet Matteus 27