Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:62-75 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

62. Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til vitneutsegnene mot deg?»

63. Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud. Sei oss: Er du Messias, Guds Son?»

64. Jesus svara: «Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene.»

65. Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga.

66. Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.»

67. Så spytta dei han i andletet og slo han med knyttnevane. Nokre slo han i andletet

68. og sa: «No kan du vera profet for oss, Messias. Kven var det som slo deg?»

69. Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du òg var saman med denne galilearen Jesus.»

70. Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.»

71. Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.»

72. Peter nekta på nytt og svor på det: «Eg kjenner ikkje den mannen!»

73. Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.»

74. Då sette han i å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Straks gol hanen.

75. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

Les hele kapitlet Matteus 26