Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:46-59 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

46. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

47. Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane og dei eldste i folket.

48. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!»

49. Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han.

50. Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.

51. Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han.

52. Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd.

53. Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar?

54. Men korleis kunne då skriftene bli oppfylte, dei som seier at dette må henda?»

55. I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje.

56. Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.»Då forlét alle læresveinane han og rømde.

57. Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg.

58. Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene for å sjå korleis det kom til å enda.

59. Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden.

Les hele kapitlet Matteus 26