Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:36-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.»

37. Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru.

38. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!»

39. Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

40. Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time?

41. Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

42. Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.»

43. Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn.

44. Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda.

45. Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender.

Les hele kapitlet Matteus 26