Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 25:39-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’

40. Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’

41. Så skal han seia til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans.

42. For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke;

43. eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.’

44. Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’

Les hele kapitlet Matteus 25