Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 25:36-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’

37. Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke?

38. Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg?

39. Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’

40. Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’

41. Så skal han seia til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans.

42. For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke;

43. eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.’

44. Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’

45. Men han skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.’

46. Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.»

Les hele kapitlet Matteus 25