Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 25:23-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. ‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’

24. Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut.

25. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’

26. Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut.

27. Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim.

28. Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti!

29. For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.

30. Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’

31. Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom.

32. Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene,

33. og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre.

34. Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd.

35. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;

36. eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’

37. Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke?

38. Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg?

Les hele kapitlet Matteus 25