Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 25:19-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.

20. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’

21. Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’

22. Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’

23. ‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’

24. Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut.

25. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’

26. Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut.

27. Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim.

28. Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti!

29. For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.

30. Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’

31. Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom.

32. Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene,

33. og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre.

Les hele kapitlet Matteus 25