Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 25:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då kan himmelriket liknast med ti brudejenter som tok oljelampene sine og gjekk ut for å møta brudgomen.

2. Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke.

3. Då dei uforstandige tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg.

4. Men dei kloke tok olje med seg i kanner saman med lampene sine.

5. Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

6. Men midt på natta høyrdest eit rop: ‘Brudgomen kjem! Gå og møt han!’

7. Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine.

8. Og dei uforstandige sa til dei kloke: ‘Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.’

9. ‘Nei’, svara dei kloke, ‘vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.’

10. Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd.

11. Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: ‘Herre, herre, lat opp for oss!’

12. Men han svara: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.’

Les hele kapitlet Matteus 25