Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:40-51 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

40. Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.

41. To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.

42. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

43. Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset.

44. Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

45. Kven er den trugne og kloke tenaren som herren har sett over tenestefolket sitt for å gje dei mat i rett tid?

46. Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!

47. Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig.

48. Men set at det er ein dårleg tenar som seier til seg sjølv: ‘Herren min dryger nok lenge enno’,

49. og så tek til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar.

50. Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av,

51. og hogga han ned og la han få dela lagnad med hyklarane. Der skal dei gråta og skjera tenner.

Les hele kapitlet Matteus 24