Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:32-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.

33. Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.

34. Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.

35. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

36. Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

37. Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

38. I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,

39. og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.

40. Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.

41. To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.

42. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

43. Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset.

44. Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

45. Kven er den trugne og kloke tenaren som herren har sett over tenestefolket sitt for å gje dei mat i rett tid?

46. Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!

Les hele kapitlet Matteus 24