Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:25-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Merk dykk at eg har sagt det på førehand!

26. Seier dei då til dykk: ‘Han er ute i øydemarka’, så gå ikkje dit, eller: ‘Han er i eit rom der inne’, så tru det ikkje.

27. Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

28. Der åtselet er, vil gribbane samlast.

29. Så snart denne trengselstida er over, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka.

30. Då skal teiknet til Menneskesonen syna seg på himmelen, då skal alle folkeslag på jorda setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.

31. Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre.

32. Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.

33. Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette.

34. Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.

35. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

36. Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

37. Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

38. I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,

39. og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.

40. Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att.

41. To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.

42. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

43. Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset.

Les hele kapitlet Matteus 24