Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:17-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;

18. og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.

19. Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!

20. Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat!

21. For då skal det koma ei trengselstid så stor som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri skal bli.

22. Og vart ikkje desse dagane avkorta, kom ikkje noko menneske til å bli frelst. Men for dei utvalde skuld skal desse dagane gjerast kortare.

23. Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Der er han’, så tru det ikkje!

24. For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera store teikn og under, så endå dei utvalde kan førast vill, om det er råd.

25. Merk dykk at eg har sagt det på førehand!

26. Seier dei då til dykk: ‘Han er ute i øydemarka’, så gå ikkje dit, eller: ‘Han er i eit rom der inne’, så tru det ikkje.

27. Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

28. Der åtselet er, vil gribbane samlast.

29. Så snart denne trengselstida er over, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka.

Les hele kapitlet Matteus 24