Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Men den som held ut til enden, skal bli frelst.

14. Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma.

15. Når de då ser at det motbydelege som øydelegg, som profeten Daniel har tala om, står på heilag stad – lat den som les opp, tyda det!

16. – då må dei som er i Judea, rømma til fjells;

17. den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;

18. og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.

19. Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!

20. Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat!

Les hele kapitlet Matteus 24