Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så gjekk Jesus bort frå tempelet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.

2. Men han sa: «Ja, ser de alt dette? Sanneleg, eg seier dykk: Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»

3. Då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, kom dei til han og spurde: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og enden på verda?»

4. Jesus tok til orde og sa: «Ta dykk i akt så ingen fører dykk vill!

5. For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Eg er Messias.’ Og dei skal føra mange på villspor.

6. De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skremma! For dette må henda, men enno er ikkje enden komen.

7. Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv på stad etter stad.

8. Men alt dette er berre byrjinga på fødselsriene.

9. Då skal dei gje dykk over til forfølging og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.

10. Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.

11. Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vill.

12. Og fordi lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hos dei fleste.

Les hele kapitlet Matteus 24