Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 23:26-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg!

27. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.

28. Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.

29. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravminne over profetane og pryder gravene til dei rettferdige og seier:

30. ‘Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje gjort oss medskuldige i blodet til profetane.’

31. Slik vitnar de sjølve at de er born av dei som slo profetane i hel.

32. Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt.

33. Slangar og ormeyngel! Korleis kan de rømma unna dommen til helvete?

34. Difor sender eg profetar og vismenn og skriftlærde til dykk. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogane dykkar og forfølgja frå by til by.

35. Slik skal straffa koma over dykk for alt skuldlaust blod som har runne på jorda, frå den rettferdige Abels blod til blodet frå Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom tempelet og altaret.

Les hele kapitlet Matteus 23