Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 23:19-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag?

20. Den som sver ved altaret, sver både ved det og ved alt som ligg på det.

21. Og den som sver ved tempelet, sver både ved det og ved han som bur i det.

22. Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på den.

23. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.

24. Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.

25. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av grisk og grådig lyst.

26. Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg!

27. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.

28. Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.

29. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravminne over profetane og pryder gravene til dei rettferdige og seier:

30. ‘Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje gjort oss medskuldige i blodet til profetane.’

31. Slik vitnar de sjølve at de er born av dei som slo profetane i hel.

32. Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt.

33. Slangar og ormeyngel! Korleis kan de rømma unna dommen til helvete?

34. Difor sender eg profetar og vismenn og skriftlærde til dykk. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogane dykkar og forfølgja frå by til by.

Les hele kapitlet Matteus 23