Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 23:14-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. {{Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.}}

15. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand rundt for å vinna ein einaste proselytt, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.

16. Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: ‘Sver du ved tempelet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i tempelet, er eiden bindande.’

17. Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller tempelet som gjer gullet heilagt?

18. Og like eins: ‘Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, er eiden bindande.’

19. Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag?

20. Den som sver ved altaret, sver både ved det og ved alt som ligg på det.

21. Og den som sver ved tempelet, sver både ved det og ved han som bur i det.

22. Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på den.

23. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.

24. Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.

25. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av grisk og grådig lyst.

26. Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg!

27. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.

28. Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.

Les hele kapitlet Matteus 23