Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 21:9-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa: Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!

10. Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?»

11. Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

12. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer

13. og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»

14. På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei.

15. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge

16. og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet: Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda!»

17. Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.

18. Då Jesus tidleg om morgonen var på veg tilbake til byen, vart han svolten.

19. Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.

20. Læresveinane undra seg då dei såg det, og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»

21. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet’, så skal det skje.

22. Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få når de bed med tru.»

23. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen. Og medan han underviste folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva fullmakt har du til å gjera dette? Og kven har gjeve deg denne fullmakta?»

Les hele kapitlet Matteus 21