Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 21:4-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:

5. Sei til dotter Sion: Sjå, kongen din kjem til deg, audmjuk er han og rid på eit esel og på folen til eit trekkdyr.

6. Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.

7. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.

8. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen.

9. Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa: Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!

10. Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?»

11. Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

12. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer

13. og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»

14. På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei.

Les hele kapitlet Matteus 21