Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 21:37-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Til slutt sende han son sin til dei; for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’

38. Men då vinbøndene fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’

39. Så tok dei han, kasta han ut av vingarden og slo han i hel.

40. Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse bøndene?»

41. «Ein vond død skal han gje desse vonde menneska», svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»

42. Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene: Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein. Dette er Herrens eige verk, underfullt er det i våre auge.

43. Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.

44. Den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»

45. Då overprestane og farisearane høyrde likningane hans, skjøna dei at det var dei han sikta til.

46. Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket, som heldt han for ein profet.

Les hele kapitlet Matteus 21