Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 21:27-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

28. Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: ‘Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!’

29. ‘Nei, eg vil ikkje’, svara han. Men sidan angra han og gjekk.

30. Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. ‘Ja, herre’, svara han; men han gjekk ikkje.

31. Kven av dei to gjorde som faren ville?» «Den første», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Tollarar og horer kjem før inn i Guds rike enn de.

32. For Johannes kom til dykk på rettferdsveg, men de trudde han ikkje. Tollarane og horene, derimot, dei trudde han. Men de, endå de såg dette, angra de ikkje då heller, så de trudde han.

33. Høyr ei anna likning: Det var ein jordeigar som planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse der og bygde eit vakttårn. Så leigde han vingarden bort til nokre vinbønder og drog utanlands.

34. Då det nærma seg innhaustingstida, sende han tenarane sine til bøndene for å få avlinga si.

35. Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei, og ein steina dei.

36. Sidan sende han andre tenarar, fleire enn første gongen, men dei gjorde det same med dei.

37. Til slutt sende han son sin til dei; for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’

38. Men då vinbøndene fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’

39. Så tok dei han, kasta han ut av vingarden og slo han i hel.

40. Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse bøndene?»

41. «Ein vond død skal han gje desse vonde menneska», svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»

Les hele kapitlet Matteus 21