Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 21:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.

20. Læresveinane undra seg då dei såg det, og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»

21. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet’, så skal det skje.

22. Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få når de bed med tru.»

23. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen. Og medan han underviste folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva fullmakt har du til å gjera dette? Og kven har gjeve deg denne fullmakta?»

24. Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

25. Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: ‘Kvifor trudde de han då ikkje?’

26. Og svarar vi: ‘Frå menneske’, er vi redde for kva folket vil gjera, for alle held Johannes for ein profet.»

27. Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

Les hele kapitlet Matteus 21