Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 21:17-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.

18. Då Jesus tidleg om morgonen var på veg tilbake til byen, vart han svolten.

19. Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.

20. Læresveinane undra seg då dei såg det, og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»

21. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet’, så skal det skje.

22. Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få når de bed med tru.»

23. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen. Og medan han underviste folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva fullmakt har du til å gjera dette? Og kven har gjeve deg denne fullmakta?»

24. Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

25. Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: ‘Kvifor trudde de han då ikkje?’

26. Og svarar vi: ‘Frå menneske’, er vi redde for kva folket vil gjera, for alle held Johannes for ein profet.»

27. Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

28. Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: ‘Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!’

29. ‘Nei, eg vil ikkje’, svara han. Men sidan angra han og gjekk.

Les hele kapitlet Matteus 21