Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 21:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg

2. og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg.

3. Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.»

4. Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:

5. Sei til dotter Sion: Sjå, kongen din kjem til deg, audmjuk er han og rid på eit esel og på folen til eit trekkdyr.

6. Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.

Les hele kapitlet Matteus 21