Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 2:10-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade.

11. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.

12. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

13. Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.»

14. Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta.

15. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.

16. Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene.

17. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

18. I Rama høyrest skrik, gråt og høglydt klage: Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For dei er ikkje meir.

19. Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt

20. og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.»

21. Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.

22. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea.

23. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.

Les hele kapitlet Matteus 2