Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 2:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem

2. og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»

3. Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.

4. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.

5. «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

6. Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.»

7. Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.

8. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»

9. Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var.

Les hele kapitlet Matteus 2