Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 2:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem

2. og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»

3. Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.

4. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.

5. «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

6. Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.»

7. Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.

Les hele kapitlet Matteus 2