Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 19:20-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. «Alt dette har eg halde», svara den unge mannen. «Kva står då att?»

21. Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»

22. Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sorgtung bort, for han eigde mykje.

23. Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, eg seier dykk: Det er vanskeleg for ein som er rik, å koma inn i himmelriket.

24. Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

25. Då læresveinane høyrde det, vart dei heilt forstøkte og sa: «Kven kan då bli frelst?»

26. Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg; men for Gud er alt mogleg.»

27. Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?»

28. Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane.

Les hele kapitlet Matteus 19