Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 19:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. du skal æra far din og mor di, og du skal elska nesten din som deg sjølv.»

20. «Alt dette har eg halde», svara den unge mannen. «Kva står då att?»

21. Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»

22. Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sorgtung bort, for han eigde mykje.

23. Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, eg seier dykk: Det er vanskeleg for ein som er rik, å koma inn i himmelriket.

24. Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

25. Då læresveinane høyrde det, vart dei heilt forstøkte og sa: «Kven kan då bli frelst?»

26. Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg; men for Gud er alt mogleg.»

27. Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?»

28. Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane.

29. Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att hundre gonger og arva evig liv.

Les hele kapitlet Matteus 19