Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 19:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.»

11. Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta inn over seg, men berre dei som har fått gåve til det.

12. For somme er evnukkar fordi dei er komne slik frå mors liv, andre fordi menneske har gjort dei til evnukkar, men det finst òg dei som har gjort seg sjølve lik ein evnukk for himmelriket skuld. Lat dei ta dette til seg, dei som kan.»

13. Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be; men læresveinane viste dei bort.

14. Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.»

15. Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.

16. Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?»

17. Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det gode? Éin er den gode. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!»

18. «Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: «Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt,

19. du skal æra far din og mor di, og du skal elska nesten din som deg sjølv.»

20. «Alt dette har eg halde», svara den unge mannen. «Kva står då att?»

Les hele kapitlet Matteus 19