Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 19:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus hadde fullført denne talen, tok han ut frå Galilea og drog til Judea-landet bortanfor Jordan.

2. Mykje folk følgde han, og han lækte dei der.

3. Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?»

4. Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei som mann og kvinne

5. og sa: ‘Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp’?

6. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»

7. Dei spurde han: «Kvifor har då Moses gjeve bod om at mannen skal gje kvinna skilsmissebrev før han kan senda henne frå seg?»

8. Jesus svara: «Fordi hjarta dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så.

9. Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»

10. Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.»

11. Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta inn over seg, men berre dei som har fått gåve til det.

12. For somme er evnukkar fordi dei er komne slik frå mors liv, andre fordi menneske har gjort dei til evnukkar, men det finst òg dei som har gjort seg sjølve lik ein evnukk for himmelriket skuld. Lat dei ta dette til seg, dei som kan.»

13. Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be; men læresveinane viste dei bort.

14. Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.»

15. Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.

16. Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?»

17. Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det gode? Éin er den gode. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!»

Les hele kapitlet Matteus 19