Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 18:27-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.

28. Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’

29. Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’

30. Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda.

31. Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som var hendt.

32. Då kalla herren tenaren til seg att og sa til han: ‘Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det.

33. Skulle ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?’

34. Og herren vart sint og overgav tenaren til fangevaktarar som skulle mishandla han til han hadde betalt heile skulda.

35. Slik skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjartet tilgjev bror sin.»

Les hele kapitlet Matteus 18