Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 17:13-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då skjøna læresveinane at han tala til dei om døyparen Johannes.

14. Då dei kom ned til folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han

15. og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet.

16. Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»

17. Jesus svara: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit med guten!»

18. Og Jesus tala myndig til han, den vonde ånda fór ut, og guten vart god att i same stunda.

19. Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»

20. «Fordi de har så lite tru», svara han. «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: ‘Flytt deg herifrå og dit!’ – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk.

21. {{Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.}}»

22. Medan dei enno gjekk omkring saman i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske;

23. dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han reisast opp att.» Då vart dei svært sorgfulle.

24. Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, bort til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til tempelet?»

25. «Jau, det gjer han», svara Peter. Då han kom heim, spurde Jesus, før Peter hadde sagt noko: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av borna sine eller av framande?»

26. «Av framande», svara Peter. «Så går borna fri då», sa Jesus.

27. «Men vi vil ikkje støyta dei; difor skal du gå ned til sjøen og kasta ut eit snøre. Ta den første fisken du får, og når du opnar gapet på han, finn du ein sølvmynt. Ta den og gjev han til dei for meg og deg.»

Les hele kapitlet Matteus 17