Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 16:6-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Jesus sa til dei: «Pass dykk og ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

7. Dei samtala om dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.»

8. Men Jesus merka det og sa: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød – de lite truande!

9. Skjønar de enno ingenting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att?

10. Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att?

11. Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»

12. Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.

13. Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?»

14. Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.»

15. «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?»

16. Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»

17. Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.

18. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.

19. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»

20. Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.

21. Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.

22. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.»

23. Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

24. Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg.

Les hele kapitlet Matteus 16